“Håkon til den internasjonale matematikkolympiaden!
Etter 4.plass i Abelkonkurransen i matematikk gjekk som kjent Håkon vidare til den nordiske matematikkonkurransen. Resultata frå denne konkurransen er ikkje klare. Men Noregs lag til den internasjonale matematikkolympiaden (IMO) er teke ut, og Håkon er ein av seks uttekne!” (Hafstad vgs. heimeside, 6.mai 2010) Knallbra, Håkon!! Lykke til
Håkon – elev ved Hafstad vgs – til den internasjonale matematikkolympiaden!
Publisert i Matematikk
Innlevering nr. 2
Her er innleveringnr.2 i IKT-utdanningen min.
Publisert i Innleveringar
Innlevering nr. 3
Her er innlevering nr. 3 i IKT- utdanningen min.
Publisert i Innleveringar
Skuleåret 2009-2010 snart slutt..
Tenk – no er det berre kun kort tid igjen og vi har sommerferie. 3 hektiske veker igjen med eksamener og sensurering..Kommer nok i mål i år også
Flott, men hektisk år. Har undervist 4 ulike fag: kjemi1, kjemi2, matte -1P og matteX. joda – eg har hatt nok å gjøre. Synest vel egentlig at en lærerjobb i 100% er fullt opp til randen om ikkje litt meir..
Ikkje lett å holde alle plikter som fagsamtaler med aller elevar, undervegs, til slutt..For ikkje å snakke om alle framovermeldingar – gjerne to-tre gangar i terminen??
Det hadde vore fantastisk å jobba 100%, men hatt litt ferre timar og litt ferre elevar?? Med 18 ulike timar uke etter uke, strekker ikkje tida heilt til nei.
Og så har man etterutdanningen i tillegg.. og opp ialt dette har man familie som tross alt er det viktigste
Men – no er det snart sommer!! Da må vi alle huske å gjøre alt det vi har lyst til (innen for rimelighetens grenser da.) Herlig!!!
(…Og kjenner eg meg rett, så vil eg nok synest det er kjekt å starte på jobb igjen når sommeren tar slutt
)
Publisert i Kjemi, Matematikk
Heile karakterar
Informasjonen er nådd oss lærarar om at heile karakterar er “det riktige”. Det skal ikkje lenger vere lov å skrive 4- eller 3/4 eller 1+. No er det heile karakterer som gjeld: 4, 3 (eller var det 4?) og 1. Dersom karakteren er svak eller sterk skal dette formulerast med ord.
Eg personleg bortimot hatar disse vippekaraktrane 4/5 og 5/6, både som elev (for lenge sidan..) og som lærar. No lyt vi alle gjere oss opp ei meining om kvar eleven står fagleg. Positivt!
Det eg vel er meir skeptisk til, er denne grunngjevinga som skal gjerast. Dette krever at du virkeleg både brukar tid i timane til å gjere elevane tydeleg klar over kva som kreves for ulik måloppnåing i kvart eit lite mål. I tillegg skal dette då vere med som grunngjeving når prøva vert delt ut att. Dette tar TID. Men kanskje blir elevane betre av det?
Dersom heile karakterar er eit middel for å komme dit hen at elevane får ei betre rettleiing til å bli betre i faga, ja då er kanskje dette vegen å gå. Men eg må no seie at eg er litt redd for at dette kan ta TIDA vår. Skal man kunne gjere dette skikkeleg trur eg også at administrasjonene rundt omkring på skulane må vere flinke til å fordele fag på den einskilde lærar. Ein lærar bør ha ferrast mulig fag slik at man kan spare inn litt TID til å gjere dette arbeidet som skal til for at det blir BRA!
Eg må nok tenke litt på dette med heile karakterar. Magefølelsen er at på lenger sikt blir dette bra og kanskje også vert det ei meir lik karaktersetjing over heile landet?
Uansett kjekt å blogge litt om noko som nok mange kollegaer og kanskje også elevar allereie har mange sterke meiningar om . Eg oppfordrar deg til å komme med innspel her på bloggen min!
Publisert i Kjemi, Matematikk
Hafstadelevar gjer det godt i kjemi-OL 2009/2010
Hafstadelevar gjer det godt i 1. runde i kjemi-OL. To elevar gjekk vidare til 2. runde! Bendik og Gro-Anita! Gratulerer til dere begge! Bendik kom høgst opp på lista av Hafstad-elevane, og kom på 30. plass av 621! Imponerande!!
Det er også hyggeleg å sjå at Hafstad videregåande skule kom så høgt som 20. plass av dei 80 vidaregåande skulane (sum av tre beste elever) som deltok. Lykke til i 2. runde begge to!!
Publisert i Kjemi
Innlevering nr. 1
Første innlevering i IKT-utdanninga mi skal innehalde minst tre faglege blogginnlegg i tillegg til at eg skal lage ein strukturert Netvibeskonto.
Mine blogginnlegg er denne gongen realtert til kjemi i den vidaregåande skule.
1. faginnlegg: Digitale læringsressursar i kjemi i den vidaregåande skule
I dette innlegget tek eg for meg heimesida til læreverket som vi nyttar i kjemi, Gamma Data og Ndla.
2. faginnlegg: Kretslaupet og eigenskapar til vatn
Dette innlegget er meint som ein liten morrosak i ein kjemi1-time; gjerne når man har om tema vatn.
3. faginnlegg: Dette innlegget viser korleis man kan knytte ein video til undervisning av eigenskapane til alkalimetall i vatn.
Netvibes min er prøvd stukturert etter fagleg innhald. Om den endelege strukturen på min netvibes er å sjå no, er nok tvilsamt. Behov og erfaring endras over tid, noko som nok vil gjenspeile seg både på netviben og bloggen min
Publisert i Innleveringar
Digitale læringsressursar i kjemi i den vidaregåande skule
Med digitale læringsressursar mener man “pedagogiske redskaper som kan brukes til læringsformål og som utnytter IKT for å fremme læring via produkter, tjenester og prosesser.”(Kjelde)
Eg underviser i kjemi1 og kjemi2 i den vidaregåande skule. Lærerverket vi, og dei fleste andre skular i Noreg nyttar er “kjemien stemmer, då det er det einaste verket som er produsert etter kunnskapsløftet vart innført. Til lærerverket høyrer det ei heimeside

Heimesida er utan passord for både elevar og lærarar. Dette er positivt då alle som ynskjer å nytte seg av denne sida har muligheten for det, uavhengig av økonomi.
Den delen av heimesida som er tenkt for elevar er bygd opp slik at kvart kapittel har oppgåver, bakgrunnsstoff/samandrag , øvingar og lenker.
Heimesida i forhold til lærarar inneheld lenkjer som inneheld:
Eksamensoppgaver,
Kjemiolympiaden,
PP-presentasjoner og illustrasjoner,
Tabeller i kjemi
Årsplaner
Læreplan
Om lærebøkene
Om forfatterne
Kurspresentasjoner
Bøker fra R94
Eg tykkjer alt i alt at kjemien stemmer er ei oversiktleg og innhaldsrik heimeside. Det store minuset med heimesida for meg som lærar er at det ikkje er noko eige passordbelagt område som kun læraren kan nytte. Det er svært arbeidsbesparande for lærar om det hadde vore laga kapittelprøver og heildagsprøver av forlaget. I tillegg er det få gode animasjonar som kan nyttast i undervisningen.
Diverre opplever eg at kjemi i den vidaregåande skulen er blitt eit gløymt fag av forlaga. Då det pr. dags dato kun er eit forlag som har produsert nye lærebøker som stemmer overeins med kunnskapsløftet, seier det seg sjølv at konkurranse om å vere best på nett ikkje eksisterar for kjemi.
Heldigvis finnes det andre aktuørar som har vore tidleg ute og er blitt dyktige når det gjeld IKT på øvingar. Gammadata er blitt svæt dyktige med ulike elektrodar og sensorar som kan koblast direkte til pc. Dette har komt til stor nytte når elevane no leverer digitale rapportar.
No fekk eg nett ein e-post at NDLA skulle satse på fleire fag. Jippe sikkert kjemi tenker eg, som den evige optimist, men neida sjølvsagt ikkje, Kjemi er ikkje prioritert der heller. Eg burde jo ikkje bli overraska..
Publisert i Kjemi
Kretslaupet og eigenskapar til vatn
Vatn er ei sentral kjemisk sambinding som vi alle gjer oss nytte av kvar einaste dag. Har du nokon gang tenkt på at du nett har drukket eit vassmolekyl som noken andre har drukke før deg? Kanskje var det naboen eller oldemor? Ikkje godt å seie, men viktig er det iallefall at mennesker, dyr og plantar fortsatt kan nytte seg av vatnet også etter at vi har sløkt tørsten
Vatnet sitt kretsløp og ulike eigenskapar på ein annan måte:
Publisert i Kjemi
Tur til Halbrendsnipa
Publisert i Hund

