Med digitale læringsressursar mener man “pedagogiske redskaper som kan brukes til læringsformål og som utnytter IKT for å fremme læring via produkter, tjenester og prosesser.”(Kjelde)
Eg underviser i kjemi1 og kjemi2 i den vidaregåande skule. Lærerverket vi, og dei fleste andre skular i Noreg nyttar er “kjemien stemmer, då det er det einaste verket som er produsert etter kunnskapsløftet vart innført. Til lærerverket høyrer det ei heimeside

Heimesida er utan passord for både elevar og lærarar. Dette er positivt då alle som ynskjer å nytte seg av denne sida har muligheten for det, uavhengig av økonomi.
Den delen av heimesida som er tenkt for elevar er bygd opp slik at kvart kapittel har oppgåver, bakgrunnsstoff/samandrag , øvingar og lenker.
Heimesida i forhold til lærarar inneheld lenkjer som inneheld:
Eksamensoppgaver,
Kjemiolympiaden,
PP-presentasjoner og illustrasjoner,
Tabeller i kjemi
Årsplaner
Læreplan
Om lærebøkene
Om forfatterne
Kurspresentasjoner
Bøker fra R94
Eg tykkjer alt i alt at kjemien stemmer er ei oversiktleg og innhaldsrik heimeside. Det store minuset med heimesida for meg som lærar er at det ikkje er noko eige passordbelagt område som kun læraren kan nytte. Det er svært arbeidsbesparande for lærar om det hadde vore laga kapittelprøver og heildagsprøver av forlaget. I tillegg er det få gode animasjonar som kan nyttast i undervisningen.
Diverre opplever eg at kjemi i den vidaregåande skulen er blitt eit gløymt fag av forlaga. Då det pr. dags dato kun er eit forlag som har produsert nye lærebøker som stemmer overeins med kunnskapsløftet, seier det seg sjølv at konkurranse om å vere best på nett ikkje eksisterar for kjemi.
Heldigvis finnes det andre aktuørar som har vore tidleg ute og er blitt dyktige når det gjeld IKT på øvingar. Gammadata er blitt svæt dyktige med ulike elektrodar og sensorar som kan koblast direkte til pc. Dette har komt til stor nytte når elevane no leverer digitale rapportar.
No fekk eg nett ein e-post at NDLA skulle satse på fleire fag. Jippe sikkert kjemi tenker eg, som den evige optimist, men neida sjølvsagt ikkje, Kjemi er ikkje prioritert der heller. Eg burde jo ikkje bli overraska..

Ikke fortvil, du kan bare besøke bloggen min så har du en digital ressurs i kjemi, hehe, god rødvin de har i taxfree butikken på gardermoen, lure på om denne kommentaren blir publisert world wide.
Hilsen Sirianne
By: Sirianne Svindland on november 13, 2009
at 8:07 pm
Så interessant å lese! God ide å ha som start på bloggen din.
Hilsen Anne Johanne
By: ajs5 on november 15, 2009
at 11:20 am
Eg og saknar ei passordbasert side for kun lærarar, der vi kunne finne forslag til oppgåver til prøvane våre.
By: leoard on november 17, 2009
at 2:51 pm
Hei! Så kommentaren på bloggen min – og måtte innom for å kikke.
Jeg er ikke enig med deg når det gjelder Kjemien Stemmer sin nettside. Den har riktignok blitt utvidet noe de siste mnd, men jeg savner gode oppgaver for elevene (ordgjetteleker er det nok av i boken), lenker til fordypningsstoff, og som du sier lærersider med forslag til prøver osv. Slik det er nå bruker jeg dette nettstedet kun til å hente figurer fra boken inn i egne presentasjoner.
Velkommen til “bloggosfæren”!
By: Kjemikeren on november 19, 2009
at 7:33 pm
Hei, Kjemikeren! Det var hyggelig at du var innom her på bloggen min og skriver litt.
Når det gjelder kjemien stemmer, er det nok ikkje ei side eg nyttar aktivt. Det hender elevene gjer nokre interaktive oppgåver for å variere litt, men oppgåvene vert ofte for enkle. Eg var nok kanskje litt snill i mitt første innlegg her på nett
Du veit vel ikkje om nokre andre kjemisider på nett som er meir nyttig både for lærer og elev??
By: frankaf on november 19, 2009
at 7:56 pm
Dessverre fint lite på norsk. Noen skrøt av lokus, men jeg var ikke særlig imponert der heller. Jeg søker vilt og uhemmet og bruker det jeg finner, men alt er på engelsk.
Du kan se på bokmerkene mine:
http://delicious.com/kjemikeren/kjemi
http://delicious.com/kjemikeren/kjemi1
http://delicious.com/kjemikeren/kjemi2
By: Kjemikeren on november 22, 2009
at 6:19 pm
[...] Publisert i Innleveringar « Digitale læringsressursar i kjemi i den vidaregåande skule [...]
By: Innlevering nr. 1 « Franka sin blogg – Kjemi og matematikk on november 23, 2009
at 5:59 pm