Posted by: frankaf | desember 10, 2009

Heile karakterar

Informasjonen er nådd oss lærarar om at heile karakterar er “det riktige”. Det skal ikkje lenger vere lov å skrive 4- eller 3/4 eller 1+. No er det heile karakterer som gjeld: 4, 3 (eller var det 4?) og 1. Dersom karakteren er svak eller sterk skal dette formulerast med ord.

Eg personleg bortimot hatar disse vippekaraktrane 4/5 og 5/6, både som elev (for lenge sidan..) og som lærar. No lyt vi alle gjere oss opp ei meining om kvar eleven står fagleg. Positivt!

Det eg vel er meir skeptisk til, er denne grunngjevinga som skal gjerast. Dette krever at du virkeleg både brukar tid i timane til å gjere elevane tydeleg klar over kva som kreves for ulik måloppnåing i kvart eit lite mål. I tillegg skal dette då vere med som grunngjeving når prøva vert delt ut att. Dette tar TID. Men kanskje blir elevane betre av det?

Dersom heile karakterar er eit middel for å komme dit hen at elevane får ei betre rettleiing til å bli betre i faga, ja då er kanskje dette vegen å gå. Men eg må no seie at eg er litt redd for at dette kan ta TIDA vår. Skal man kunne gjere dette skikkeleg trur eg også at administrasjonene rundt omkring på skulane må vere flinke til å fordele fag på den einskilde lærar. Ein lærar bør ha ferrast mulig fag slik at man kan spare inn litt TID til å gjere dette arbeidet som skal til for at det blir BRA!

Eg må nok tenke litt på dette med heile karakterar. Magefølelsen er at på lenger sikt blir dette bra og kanskje også vert det ei meir lik karaktersetjing over heile landet?

Uansett kjekt å blogge litt om noko som nok mange kollegaer og kanskje også elevar allereie har mange sterke meiningar om . Eg oppfordrar deg til å komme med innspel her på bloggen min!


Svar

  1. Kanskjer vi slippe dette likevel??
    http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/skole/article3427066.ece


Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Kategorier

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.